Om Voss Idrottsråd

Idrottsrådet er oppretta for at idrottslag, organisasjonar og klubbar skal ha eit eige fellesorgan i kommunen, valt av laga sjølve for å samordna, prioritera, fremja og fylgja opp laga sine interesser overfor kommunen og koordinera arbeidet laga imellom.

Idrottsråda er frå 1987 lovfesta organ som kvar kommune skal oppretta. Idrottsrådet si hovudoppgåve er difor å arbeida for best mogleg rammevilkår for idretten i den enkelte kommune. I frå starten og fram til i dag, har statusen til idrottsråda auka monaleg. Når det gjeld representasjonsrett har idrottsråda no lovfesta 50% på kretsting, og på tinget til NIF er 2 representantar frå kvart fylke valde av idrottsråda i kommunane.
 
 

Våre arbeidsoppgåver i henhold til NIFs lov er å:

  • Styrkja idrettens rolle og rammevilkår i lokalsamfunnet
  • Føreta prioriteringar på vegne av idrettslaga i kommunen
  • Dokumentera og synleggjere idrettens lokale omfang samt utvikla lokale idrettspolitiske handlingsprogram
  • Vera ein møteplass og utviklingsarena i skjeringspunktet mellom offentleg og frivillig virke
  • Vera eit idrettspolitisk organisasjonsledd med oppgåver primært på lokalt nivå

I tillegg har me i oppgåve å innstille og fordele ut Lokale aktivitetsmidlar (LAM). Klubbane treng ikkje å søkja om å få tilskot. Tilskotet vert automatisk fordelt til alle som driv barne- og ungdomsidrett til og med 19 år.