Programmet består av fem samlingar i løpet av 2026. Kvar samling er gitt eit tema, og det er henta inn eksterne føredragshaldarar som har fått i oppdrag å kome med oppdatert kunnskap og inspirasjon. Det vil bli lagt opp til samtale, diskusjon og uformell prat i tillegg til føredraget. Det er difor viktig at deltakarane er innstilt på å bidra aktivt inn i gruppa. Tema for dei ulike samlingane er spikra, og me har på plass dei fleste føredragshaldarane. Tid og stad er kun fastsett for fyrste samling, men bortsett frå den prøver me å legge dei resterande samlingane til kveldstid på ein vekedag.
Lokalt trenarløft 2026
Det lokale trenarløftet er eit kompetansehevingsprosjekt på tvers av idrettsgreiner. Målsettinga er at det skal vere eit utviklingsprogram for trenarar som vil meir for seg sjølv, sine utøvarar og sine omgjevnadar.