Korona - revidert.jpg

Korona oppdatering

Oppdatert informasjon om korona per 14. januar fra Alver kommune

Til brukarar av kommunale idrettsanlegg i Alver kommune

Hei,

Som dei fleste nok alt veit kom det i går kveld oppdatering gjeldande nasjonale tiltak frå regjeringa. Dei gjeldt alt frå og med i dag. Eg lister opp dei som treff idretten direkte under. Anbefaler også å lese vedlagte kjelder for utfyllande informasjon. Minner om at ein som brukar av kommunale rom, bygg, hallar, anlegg skal følgje råd, anbefalingar og tiltak frå nasjonale, og lokale myndigheiter.

Organiserte idretts- og fritidsaktivitetar

- Fritidsaktivitetar bør haldast utandørs så langt det er mogleg.

Born og unge under 20 år
- utandørs aktivitet kan gjennomførast som normalt.

- anbefalt gruppestorleik innandørs omtrent 20 personar eller etter klasse/kohort.

- aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er naudsynt.

Vaksne over 20 år

- innandørs er det anbefalt maks 20 personar og 1 meters avstand. Ved intensiv trening bør det leggjast til rette for 2 meters avstand.

- vaksne kan utøva aktivitet utandørs som normalt, med kontakt der det er naudsynt.

- toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak.

Arrangement og samankomster

Arrangement og samankomster

 

Kjelde: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-letter-pa-tiltakene/id2895460/

 

Sjå også rettleiar frå Helsedirektoratet for idrett, kultur og frivilligheit: https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/idrett-kultur-og-frivillighet#organisert-idrett-kultur-fritid-aktivitet

 

Les gjerne også pressemelding frå NIF: https://www.idrettsforbundet.no/nyheter/2022/regjeringen-gir-betydelige-lettelser-for-idretten/

Dei ulike særforbunda legg også ut informasjon gjeldande spesifikke idrettar, så hald dykk oppdatert på deira nettsider også.

Ta kontakt om noko er uklart, eller om de ønskjer ein samtale kring generelle, eller spesifikke utfordringar. Me kan ikkje seie kva avgjerder de skal falle ned på, men me kan vere med å sjå på kva råd, anbefalingar og tiltak som er gjeldande som kan ha innverknad på aktiviteten de skal ha.

Me bed elles om at de føl me på utvikling kring nasjonale og lokale tiltak framover. Alver kommune sine nettsider: https://www.alver.kommune.no/korona/

Med ønskje om ei retteleg god og aktivitetsfylt helg!

 

Med helsing

 

Anders Olav Dale | Idrettsrådgjevar