📅 Måndag 18. januar 2027
🕕 Kl. 18.00
📍 Knarren, Knarvik vidaregåande skule
Denne kvelden set vi søkjelyset på noko som er viktig for oss alle:
Korleis skaper vi trygge og gode idrettsmiljø – for alle?
💬 Når åtferd utfordrar
Med Anette Hesjedal og Øystein Hesjedal
Korleis kan vi forstå åtferd som utfordrar i idretten?
I dette innlegget ser vi på kva som kan liggje bak utfordrande åtferd, risikofaktorar og beskyttande faktorar, og kva vi veit kan bidra til gode treningsmiljø. Vi utforskar også dilemma som kan oppstå når omsynet til den enkelte utøvaren skal balanserast mot omsynet til gruppa og fellesskapet.
Målet er ikkje å gi enkle svar, men å styrkje forståinga og refleksjonen rundt korleis trenarar, lagleiarar og andre vaksne kan bidra til trygge og inkluderande fellesskap i idretten.
🛡️ Trygg på trening
Med Trond Berge Høvik
Korleis skaper vi ein idrett der barn og unge kjenner seg trygge – og der trenarar, leiarar og frivillige veit kva dei skal gjere dersom dei blir urolege for eit barn?
Vi blir betre kjende med Trygg på trening, og ser på korleis kunnskap, gode rutinar og opne samtalar kan bidra til trygge idrettsmiljø.
Program
18.00 – Velkommen
18.10 – Når åtferda til éin påverkar fellesskapet – Anette og Øystein Hesjedal
ca. 19.10 – 🍕 Pizza og prat
ca. 19.40 – Trygg på trening – Trond Berge Høvik
ca. 20.50 – Oppsummering og avslutning
Det blir rom for spørsmål, refleksjon og erfaringsdeling undervegs.
Kven passar kvelden for?
Styreleiarar, styremedlemmer, trenarar, lagleiarar og andre ressurspersonar i idrettslaga i Alver.
Påmelding: Påmelding Idrettens fellesarena Alver idrettsråd – Fyll ut skjemaet.
Påmeldingsfrist: 11. januar
Vi håpar mange av idrettslaga i Alver vil vere med. Dette er ein kveld for å lære, dele erfaringar og bli betre rusta til å skape gode og trygge idrettsmiljø.
Vel møtt til Idrettens fellesarena!
Alver idrettsråd