foto: Anne-Kristine Aas
foto: Anne-Kristine Aas

Anleggskurs i Alver

Alver Idrettsråd og Vestland idrettskrets arrangerte anleggskurs på klubbhuset i Austmarka tysdag 15. februar.

Kurset var innretta mot idrettslag som vil realisere anlegg og tok føre seg dei ulike fasane frå idé til ferdig anlegg. Hovedfokuset i kurset var reglane i spelemiddelordninga, med dei muligheiter, plikter og begrensingar som ligg i denne ordninga.

Det blei også vist eksempel på kvar ein kan finne nyttig informasjon om ulike anleggstypar og på den måten ta del i erfaringar andre har gjort ved bygging av idrettsanlegg.

Det var stort engasjement blant deltakarane frå idrettslag, idrettsråd og kommune - med gode spørsmål og innlegg.

Ta kontakt med idrettskretsen om ditt idrettsråd ynsje å arrangere anleggskurs.