På biletet frå venstre: Olav Steinar Namtvedt (Alver IR), Asgeir Nøttveit (Alver kommune), Odd Helge Hagen (Manger IL), Bjørn Tore Hesjedal (Alver IR), Gina Blomberg (Alver IR)  og Anne-Kristine Aas (Vestland idrettskrets)

Alver idrettsråd på rundtur til idrettsanlegg på Radøy

Søndag 26.september inviterte Alver idrettsråd til rundtur og synfaring på idrettsanlegga i gamle Radøy kommune. Det blei ein innhaldsrik, lærerik og hyggeleg dag på «Den grøne øya».

Representantar frå idrettslaga og frå Alver kommune stilte villeg opp og fortalde om dei ulike idrettslanlegga – både om planar og utfordringar med drift av idrettsanlegg.

Turen gjekk innom desse anlegga: Austmarka idrettsanlegg, Hordabø idrettsanlegg, Stokkedalen skytebane, Skogen idrettsanlegg, Grønålen idrettsanlegg, Radøyhallen (idrettshall, skytebane og svømmehall) og Marås modellbilbane.

Tusen takk til Alver idrettsråd for eit svært godt opplegg og tusen takk til laga og Alver kommune for gjennomgong av dei ulike anlegga.