Ungdomsutvalet i Vestland idrettskrets ynskjer å invitere engasjerte ungdommar i idretten i Vestland til nettverkssamling laurdag 26. mars til søndag 27. mars i Bergen. Samlinga skal vere ein arena der engasjerte ungdommar i fylket skal samlast for inspirasjon og motivasjon, fagleg påfyll og bygging av nettverk. Samlinga har som mål å setje fokus på det å vere ung frivillig, og å gje deltakarane verktøy og ressursar som dei kan ta med seg vidare i idretten.
Dato: 26. - 27. mars 2022
Stad: Bergen, Hotel Scandic Ørnen og Åsane Arena
Alder: 18 - 26 år (deltakar må vere fylt 18 år)
Pris: Deltakaravgift kr. 300,- per person
Målgruppe:
Engasjert ungdom i alderen 18-26 år. Du treng ikkje ha eit tillitsverv i idretten frå før, målet er å gje motivasjon og inspirasjon til å vere ung frivillig i idretten vidare.
Tidsramme:
Samlinga vil starte laurdag 26. mars med oppmøte på Hotel Scandic Ørnen kl. 11.30. Det blir overnatting på hotellet, og avslutning søndag kl. 14.00.
Program:
Det vil bli spennande foredragshaldarar og ulike workshops innanfor temaet "Ung frivillig", og detaljprogram for samlinga vil bli lagt ut så snart det er klart.
Påmelding:
Innan 24. februar på denne linken
Det må vere minst 20 deltakarar påmeldt innan fristen for at samlinga skal kunne gjennomførast.